For skular og barnehagar
Folkevandringsgarden skal vere ein stad der barn og unge lærer gjennom å gjere. Her får elevane møte historia med fleire sansar – ute, i aktivitet og tett på landskapet der ho faktisk fann stad.
Læring gjennom aktivitet
Opplegga på Folkevandringsgarden byggjer på to grunnprinsipp. Formidlinga skal vere forskingsbasert, tufta på ny og aktuell kunnskap innan arkeologi, historie og pedagogikk. Og ho skal vere aktivitets- og opplevingsbasert, der dei som besøker garden får oppleve fortida gjennom alle sansane sine.
Visningshuset blir møteplass og utgangspunkt for opplegg som gjev skuleklassar og barnehagegrupper kunnskap om og innsikt i korleis folk levde liva sine for 1500 år sidan. Bygget er i seg sjølv eit døme på arkitektur frå perioden, og der vil det vere utstillingar og informasjonsplakatar som formidlar grunnleggjande kunnskap om folkevandringstida: levekår og samfunnsliv, tru og skikkar.
Alle opplegg blir utvikla i nært samarbeid med dei skulane og barnehagane som besøker Folkevandringsgarden.
Vi opplever dette som eit svært spennande og viktig prosjekt, både historisk og pedagogisk. Med tanke på lokal identitet, nærmiljø og tidleg formidling av kulturarv ser vi eit stort potensial for folkevandringsgarden som pedagogisk arena og knyte historisk formidling til barnehagepedagogikk, natur, leik og utforsking. Samt, skape eit levande møte mellom fagmiljø, barnehage og lokalsamfunn.
Kva eit besøk kan innehalde
-
Byggeskikk
Korleis bygde dei eit hus på 43 meter utan moderne verktøy?
-
Mat og kokegroper
Matlaging i kokegroper, og kva store gilde fortel om samfunnet.
-
Klede og handverk
Ull, vev, broderi og drakt – frå sau til ferdig skjorte.
-
Jordbruk og dyr
Ein gard med plass til 40 storfe, og arbeidet gjennom året.
-
Handel og kontaktar
Gullmynt frå Romarriket og glasbeger frå Syria – korleis kom dei hit?
-
Makt og tru
Høvdingen som leiar, dommar og religiøs autoritet.
Tilpassa alderstrinn
Innhaldet blir tilpassa alder og fag.
- Barnehage
- Natur, leik og utforsking. Korte økter, bålplass, sansing og forteljing. Kulturarv gjennom nærmiljø og lokal identitet.
- Barneskule
- Konkrete oppgåver og aktivitetar. Livet på garden, klede, mat og handverk. Uteskule i eit verkeleg kulturminne.
- Ungdomsskule
- Kjeldearbeid og samanhengar. Kva kan arkeologi fortelje oss, og kva veit vi ikkje? Makt, handel og samfunn.
- Vidaregåande
- Tverrfagleg arbeid innan historie, handverk, byggfag, naturbruk og formidling. Prosjektarbeid knytt til pågåande delprosjekt.
Samarbeid med skuleverket
Stiftinga er i gang med å etablere samarbeid med barnehagane og skulane rundt kommunesenteret. På sikt skal det leggjast til rette for samarbeid med grunnskulane i kommunen og med Firda vidaregåande skule, både innan undervisning, praktisk læring og prosjektarbeid.
Folkevandringsgarden kan fungere som ein arena for tverrfagleg undervisning innan historie, handverk, byggfag, naturbruk, formidling og opplevingsbasert læring, og slik styrkje koplinga mellom kulturarv, utdanning og lokal kompetanseutvikling.
Vi ønskjer også å utvikle tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken.
Ressursar for lærarar
Vi arbeider med å utvikle materiell som kan brukast før, under og etter eit besøk. Dette kjem etter kvart:
- Nedlastbare oppgåver og arbeidsark
- Lærarrettleiing til kvart opplegg
- Bilete og illustrasjonar til bruk i undervisning
- Tidslinje for folkevandringstida
- Faktaark om garden, grava og funna
Ta kontakt om du ønskjer å vere med å utvikle opplegg.
Ta kontakt for avtale
Anlegget er under utvikling, og opplegga blir til i samarbeid med dei som brukar dei. Ta kontakt, så finn vi ut kva som passar for gruppa di – anten det er ein kort tur til hustuftene eller eit meir omfattande opplegg.
Stiftinga koordinerer sjølv bruken av området og visningshuset opp mot dei som ønskjer tilgang.
Send førespurnad